
MASTERPROSJEKT
- “Durspelet ut i verda og attende til Vestlandet”
Korleis kan durspelet vera med og berika slåttar frå Hardanger og Voss i samspel med hardingfele og cittern? Korleis kan musikken frå toradaren bli levande? Her kan du lesa, sjå og lytta til mitt utøvande masterprosjekt ved Noregs Musikkhøgskule 2023-2025.
ARNE BJØRNDAL I VESTERVEG
- Årsoppgåve ved Newcastle University
Medan eg var på utveksling i England 2018-2019 fekk eg høve til å skriva årsoppgåve om dei internasjonale erfaringane til den norske folkemusikksamlaren Arne Bjørndal. Samlarferdene hans i utlandet har fått lite merksemd, og det har vore spanande å undersøkja ein nokså uoppdaga del av historia.
I denne oppgåva kan du lesa om Arne Bjørndal si spanande ferd «i Vesterveg» og oppdagingane hans på Shetland.
FOLKEMUSIKKEN FRÅ KVAM HERAD
Folkemusikken frå Kvam har gjerne kome litt i skuggen av slåttane og spelemennene frå det indre av Hardanger. Mi årsoppgåve i bacheloren ved Ole Bull Akademiet (2016-2020) ville setja søkelyset på musikken frå min heimstad.