“For eit spel, og for ei formidling!”

Jo Asgeir Lie

Ingrid Sørheim nettside, Ingrid Standal Sørheim, toradar, torader, musikk, accordeon, melodeon, amalie tvilde

Ingrid Sørheim

frilans folkemusikar og pedagog på durspel

Ingrid Sørheim er kjent for å fengsla publikum med sitt lyriske spel, si sterke forteljarglede og varme utstråling.

Det kriblar i både lattermuskelen, tårekanalane og dansefoten når ho står på scena.

Musikken

Ingrid Sørheim har bachelor i utøvande tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet og har eit breitt og variert repertoar. Ho har fordjupa seg i heimtradisjonen frå Kvam i Hardanger og i den keltiske toradarmusikken.

Med ein forkjærleik for lydarslåttar, lystige springarar og engelske jigs har ho spesialisert seg på å overføra hardingfele- og feleslåttar til durspelet.

Følg Ingrid Sørheim på Instagram

KONTAKT

KONTAKT

Framsidefoto: Gaute Ulltang
Alle andre foto (ikkje plakatar og Instagram): Elisabeth Emmerhoff

Foto Veijr: Jan Høydal
Foto Vesterveg: Vesterveg
Foto Mjøs / Sørheim / Wolski: Mjøs / Sørheim / Wolski