Veijr

Veijr er som ein varm kopp te på ein kald haustdag - mild, smakfull og beroligande, og tek deg med på ei reise gjennom alt det skiftande vêret livet har å by på.

Veijr

Veijr er ein norsk låtskrivar-trio som leikar seg i spennet mellom folkemusikk og viser og byr på eit unikt musikalsk format med vokal, gitar og durspel. Gjennom dei poetiske og djupe tekstane om livet skapar Veijr ein intim og nær kontakt med lyttaren, som er fri til å drøyma seg vekk i songaren Eir si klokkeklare røyst.

Musikken deira gjev trøyst i ein travel kvardag og har ein moderne og tidlaus innpakning som fangar hjartet til alle generasjonar.

Veijr er ei ukjent perle publikum kan gle seg til å oppdaga!
— Helene Helvig