Vesterveg

Den norske hardingfela møter den irske sekkepipa og smeltar saman med toradaren til ein unik sound som blandar det beste av britisk og skandinavisk folkemusikk.

Vesterveg

Vesterveg er ein nyskapande trio som utforskar grensene mellom norsk og britisk folkemusikk. Trioen hentar inspirasjon frå musikk som har vandra over Nordsjøen, og dei lagar moderne arrangement av gamle slåttar som finst både i Noreg og på dei Britiske øyer.

Her blir lystige springarar og raske jigs blanda saman i ein herleg miks der musikarane tilfører det beste frå kvar sin tradisjon. Vesterveg inviterer publikum til ei kjensleladd oppleving med musikk som har vorte skildra som både drivande, energifull og ektefølt.